
Forfattaren, fødd på Stord 1927, er sivilingeniør i kjemi. Han hadde 30 års fartstid i Fiskeridirektoratet då han vart pensjonist i 1992. Hobbyinteressene hans har m.a. omfatta treskurd og forming av figurar i tre av folk, dyr og fuglar. Han har tidlegare kome ut med boka "Primstaven, gamle minne- og merkedagar". I denne siste boka har forfattaren omforma eldre ordtak og vendingar slik at dei har fått enderim. Nokre nyskapingar er og tekne med. Truleg vil ordtak med enderim lettare festa seg i minnet. Dei fleste omarbeidde ordtaka har same meiningsinnhald som dei opphavlege, men somme har fått ein ny vri eller tilleggsmoment. Her er nokre eksempel på gammal og ny versjon:
Den dag kommer nok da kua har bruk for halen.
Kua sitt haleheng, svansen, er lekk i terrorbalansen.
Den engelske kirkegjenger foretrekker en streng preken fordi han mener at hans
nabo kan ha godt av et par sannheter.
Prestepreika streng er nett det grannen treng.
Det er ikke mistet det som renner fra nesen og inn i munnen.
Det er ikkje tap som dryp fra nase og ned i gap.
Her er nokre eksempel på ny vri eller tilleggsmoment:
Forbuden frukt smaker best.
Forboden frukt er best før brukt.
Klær skaper folk.
Klede skapar anten folk eller gapar.
År er kjærlighetens prøve.
Dag gir elskhug høve, år set elskhugen på prøve.
Somme vil kanskje meina at det ikkje skulle tuklast med gammalt ervegods på denne måten. Til det er å seia at ordtaka er då framleis å finna i gammal form. Ingen har teke noko frå nokon.